«Det er det store og det er det glupe at merkje det stend om mannen han stupe.»
Ein merkjebærarer har gått bort, Bjarne Bratås, født i Flesberg i 1936 døydde 1. juledag 2023.
Det var med sorg vi mottok meldinga om Bjarnes død. Samtidig er det godt å tenkje på alt det gode han let etter seg. Ein kulturell arv som aukar i verdi di meir vi tek han i bruk.
Bjarne var organisator, granskar og samlar.
Han var for oss som kom etter og hadde same interesser kjelda som vi alle henta kunnskapen frå. Opplysningane om kulturen som vi var siste lekk i så langt. Folkekulturen, folkemusikken, handverka, tradisjonsbærarane som hadde gått føre oss og vist oss vegen.
Bjarne bruka ikkje store ord, og med oss faglege vener snakka han aldri noko om kva som var malen eller læra han levde etter, men det var heller ikkje naudsynt. For han var liv og lære eitt, han var det vi kallar heil ved.
Bjarne Bratås var leiar av Kulturvernnemnda i Flesberg Kommune, og i 1972 tok han initiativ til ei bygdeboknemnd med 5 medlemmer. Bjarne vart leiar av denne nemnda i heile perioden frå 1989 til 2004, då alle 7 binda av gards-og slektshistorie for Flesberg var ferdige. I dette arbeidet var Bjarne føregangsmann og inspiratoren framfor nokon annan. Han leverte store mengder stoff til bøkene, stoff som bles liv i handling og personar med korte, underfundige og gjerne humoristiske episodar frå kvardag og fest.
Han hadde eit ualminneleg godt minne, var systematiker.
Sirleg samla med mest fullkomen handskrift, er enorme mengder historie å finna i hans arkiv. Arkiv som nå er å finne på Bygdearkivet i Flesberg Lampeland og Folkemusikkarkivet i Buskerud, Prestfoss.
I Bygdearkivet er også alle intervju han gjorde, på lydband, med gamle folk om deira liv og gjøremål attende i ei anna tid enn vi nå lever i.
Bjarne var fyrste person som vert utnemnd til heidersmedlem i Numedal spel-og dansarlag.
Hans innsamla materiale er grunnmuren i Takt og Tonar, soga om folkemusikken og folkedansen i Numedal, ei bok utgjeve i 2011 der Anne Svånaug Blengsdalen var redaktør.
Han var fyrste leiar av Flesberg historielag, eit verv han skjøtta godt i over 20 år. Bjarne var utnemd til fyrste heidersmedlem i laget. Han var særs aktiv i å skapa Bygdearkivet på Lampeland i 2005. Ein dag kvar veke seinare var han med på arkivarbeidet her, skofta aldri heilt fram til helsa svikta for eit par år sidan.
Vi er alle takksame til Flesberg Kommune for at dei var med og tok ansvar for historia vår ved å stilla rom til rådvelde.
Folkeminnesamlaren Bjarne Bratås ga raust med seg av alt han fann også frå andre bygder enn Flesberg. Folkemusikksamlinga i Telemark og Norsk folkemusikksamling i Oslo har mengder av opptak og opplysningar som Bjarne har gjeve dei.
Bjarne Bratås fekk Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt livslange arbeid med å samla folkeminne.
Han fekk òg utmerkelse som årets eldsjel innen kulturvern i Buskerud i 2009.
Bjarne Bratås var bautaen vi ser opp til, kjelda vi vil sitere frå i overskueleg framtid.
Attåt alt han fekk samla hadde han også tid til familie slekt og vener. Han var slektsgranskar og samla store mengder opplysningar om slekta både her i landet og i Amerika, og held kontakten med svært mange.
Takk for alle åra vi fekk i lag.
Vi lyser fred over ditt minne Bjarne.
Sigurd Vinger
Jan H. Lislien
Kåre Bjørkesett
Eit langt samlarliv er over. Folkemusikken var viktig for Bjarne, og han var ein utrøytteleg samlar, alltid nyfiken og alltid vaken for materiale som kunne bli tatt vare på. Det er ikkje lite som er bevart nettopp på grunn av hans innsats. Han var også førebiletleg når det gjeld innsamlingspraksis, og alltid sørga han for å gjera materialet tilgjengeleg i arkiva, slik at det kan bli tatt i bruk av nye generasjonar utøvarar. Til samlinga vår hadde han mange leveransar gjennom åra. Vi er svært takksame for alt han bidrog med, og for heile den store gjerninga hans.
Folkemusikkarkivet i Telemark